Vefur Al˛ingis Senda tˆlvupÛst til Siv Vefur FramsÛknarflokksins Ganga Ì flokkinn VefslÛir fiingm·l LÌf og starf ¡lit DagbÛkin Greinar og rÊur Pistlar Myndir
    Hluti ræðu norska þingmannsins Knut Arild Hareide(KrF)

    08/01/2010

    Knut Arild Hareide (KrF) [10:30:35]: "Det nordiske samarbeidet har ei lang historie, og me nordmenn har mange og tette band til våre nordiske nabofolk. Eg vil derfor først ta opp den svært vanskelege situasjonen som våre islandske vener har komne opp i.
    Jeg er veldig glad for det representanten Lundteigen tek opp i sitt innlegg knytt til finanskrisa, som ikkje har ramma Noreg så hardt som vårt nordiske broderfolk på Island. Fleire av deira finansinstitusjonar hadde ekspandert sterkt i utlandet, og då dei gjekk over ende skapte det ei nasjonal økonomisk krise. Den islandske bankkrisa er det største krisa, relativt til landets størrelse, som noko land nokon gong har opplevd. Dei tre største bankane på Island tok i 2007 opp lån tilsvarande om lag ni gonger landets årlege vare- og tjenesteproduksjon. Islendingane kjem til å slite i mange år med å nedbetale denne gjelda som bankkollapsen etterlét seg, sjølv om verdiane i buet vil gi islendingane tilbake to tredelar av denne summen.
    For at Island skal gjere opp for bankane sine forpliktingar til kundar i Storbritannia og Nederland har den islandske regjeringa gjennom den såkalla Icesave-avtalen teke på seg et gjeldsansvar som tilsvarer om lag eit hundre tusen kroner for kvar islending.
    No er situasjonene tilspissa fordi den islandske presidenten ikkje vil godkjenne avtalen og vil sende saka ut til ei folkerøysting.
    Eg er uroleg for situasjonen. IMF, dei nordiske landa, Russland, Polen og Færøyane har lånt Island om lag 5 milliardar dollar for å hjelpe landet med å importere heilt naudsynte basisvarer som mat og brensel. Desse pengane blir utbetalte i porsjonar, og mykje av utbetalingane står att. Dersom Island no seier nei til Icesave-avtalen, vil IMF truleg stanse utbetalingane. Eg vil derfor nytte høvet til å spørje utanriksministeren om Noreg vil gjere som IMF og stanse hjelpa til islendingane dersom dei nektar å betale Icesave-gjelda, eller om Noreg kan velje ei anna linje og vise meir solidaritet med vårt islandske broderfolk enn det IMF eventuelt vil gjere? Eg synest orda frå Lundteigen om ei utstrekt hand er viktig å ta med seg, og eg vil utfordre utanriksministeren på dette."....